Panajachel
eksamensfest
24.02.2007 - 25.02.2007
30 °C
Etter ei veke med kulde og intens pugging var det duka for avslapping og ein velfortjent eksamensfest. Me kom til Panajachel som ligg ved Lago Atitlan, ein innsjoe beroemt i Guatemala for aa ver estetisk uovervinneleg.
Me byrja dagen med aa gaa i handlegata. Milelang. Litt kjedelig i lengden daa kvar einaste butikk sel dei samme lokale haandarbeida. Litt for fargerikt for norsk og noektern jente. Me kom til endes av gata, og enda ved stranda. Satte oss for aa nyte utsikten over vatnet (ikkje beroemt utan grunn!) Ignorerte effektivt nokre gutar som forsoekte aa faa kontakt med oss. Daa dei likevel kom og praktisk tala sette seg paa fanga vaare utnytta me sjansen til aa snakke spansk. Det viste seg at me slett ikkje prata med mannen i gata der me sat. Der var arvingane til Pepsikonsernet i Guatemala (Pepsi er stoerre enn Cola her, kun slaatt av Gallo oel i poularitet vil eg paastaa) Ein guttegjeng paa weekendtur til eit av pappas slott.
Me var invitert paa fest med gutta, men folete ikkje heilt dette var trygt, saa me sat og hadde vorspiel for oss sjoelv paa hostellet. Det vil seia, i selskap med ein smaalubben tyskar i sin beste alder. Eg moette han paa veg ut av dusjen, og drog umiddelbart kjensel paa han sidan eg hadde moett han foer i Semuc Champey eine dagen med Shaun (to bilete som har brent seg fast fra Semuc. 1) overvektig tysker som poserer i vasskanten paa alle fire og som havfrue og gjer kur pa Shaun 2) Mann med ekstra sokk i speedoen som balanserer paa saapeglatte steinar, vel aa ta ein snarveg over sovande Shaun, mistar balansen, og vaklar over andletet til Shaun som vaknar ganske forfjamsa over utsikten) Seinare dreg óg Goeril kjensel paa herremannen, men det fraa Playa del Carmen daa han sjarmerande nok hadde proevd aa faa kontakt med Mark gjennom toalettbaasen paa hostellet og spurde han ut om han hadde ein god "shait". Me fant det veldig morosamt at han snakka non-stop om Shaun som ein pose godteri som han ville spise opp og forsøkte å få oss til å spleise dei to saman.
Me vandra vidare for aa sjekke pulsen paa utelivet. Hadde ein liten pubstafett for oss sjoelv. Moette att pepsigutta. Vart invitert til det kule bordet toeffe som me er. Det var tungt å avslå nach på palasset etter stengetid. Gøril (som er den snartenkte av oss) fann ut at å dra 20 minutt ut av byen ikkje var det luraste to naive småjenter frå Norge kunne gjera. Betutta luska me med halen mellom beina ut dørane då nokre jenter (frå samme bord) inviterte oss til DEIRA nach. Dette var fem minutt utanfor byen, og bitteså tryggare når ein ser på kva baktankar dei kunne ha for å invitera oss med.
Me tok tuk-tuk (fattigmannstaxi) medan rikingane tok ein skikkelig ein. Dumme som me var skulle me til og hoppa ut av skyssen vår ved porten (som ja, hadde portier sånn som på film), men vart stoppa av jentene. Phu. Det var jo nesten nye fem minutt fram til hovudhuset. Eit par mål eigedom kan ein seia! Så me leika poshe i nokre timar. Gjekk oss vill på eigedommen, stod i vasskanten og snakka tullespansk-norsk-tysk-engelsk med forbipasserande fiskarar (bitteså påverka av cola og rom, rom og cola, rom og rom) og plaske rundt i eit av bassenga der. Etter litt for mykje alkohol luffa me tilbake til byen (iiiingen taxi å oppdrive) Enkelte måtte vere krykke for andre og slik, men det treng me ikkje skrive altfor utfyllande om. Alt i alt kom me oss heim, sjølv om to store skumle hundar som ikkje likte oss lett kunne ha hindra det.
Dagen etter var somme av oss svært påverka av den foregåande dagen og hadde aller helst lyst til å ligge i ei god seng heile dagen og drikke masse masse vatn, men fekk ikkje lov av sitt reisefølge. Dermed gjekk dei og spiste frukost med vår sin venn tyskaren som fortsatte å snakke non-stop om sukkertøyet Shaun, labba litt i gatene, og begav seg til slutt vidare på ferden til San Pedro
Posted by krølle 04.03.2007 09:54 Archived in Guatemala Tagged backpacking Comments (0)
